Natt til torsdag førre veke gjekk eit større ras i Haddalura.
Driftssjef Odd Einar Hjellen i Statens vegvesen fortalde til Vikebladet Vestposten fredag førre veke at dei hadde bestilt geolog til saumfaring av den rasutsette Haddalura i Ulstein. Og onsdag denne veka kom geologen.
Fann løyseområde
Hjellen fortel at geologen ikkje har lagt fram noko endeleg rapport enno, men at han har fått informasjon om at Haddalura mellombels er trygg.
– Vi har diskutert alternativ til rassikring. Sjølve ura er umogleg å sikre. Her må vi truleg finne ei betre løysing nede ved vegbana, fortel Hjellen.
Hjellen legg til at geologen har teke seg opp heile ura, og funne løyseområdet til steinane som torsdag låg knust i betongkanten ved riksvegen.
– No lyt vi vente til rapporten er ferdig og ta det derifrå, avsluttar Hjellen.
Rydda opp
Tysdag denne veka vart steinen fjerna og betongmuren reparert. Mesta – som har sikra seg ein ny kontraktsavtale på fem år med vegvesenet – rydda opp steinraset tysdag denne veka.