Perny Austnes håper å kunne starte opp Vikemarka barnehage i Ulsteinvik frå neste haust. Råsa barnehage har blitt for liten.

Den nye barnehagen får 66 plassar og skal halde til i bustadfeltet Vikemarka. Så snart barnehagen får tilsagn med Husbanken, går dei igang med bygginga. Planen er at han skal stå ferdig og takast i bruk til neste barnehagestart.

– Råsa barnehage må ha større lokale, forklarer ho.

Råsa barnehage har 22 plassar. Den nye barnehagen får som sagt 66 plassar. Alle som har plassen sin i Råsa barnehage, vaksne og born, kan søkje om plass i Vikemarka, og vil bli prioriterte.

Fem grupper

Borna i Vikemarka barnehage vil bli delte opp i fem grupper. Barnehageborna blir delte etter alder, slik det har vore gjort i Sætra barnehage.

– Det er spennande å vidareutvikle det eg har byrja på, sjølv om det i grunnen er nok å gjere, forklarer Austnes.

Borna blir delte i grupper for å få faste vaksne å forhalde seg til og for å strukturere ansvaret.

Kommunen treng fleire barnehagar

Perny Austnes kjenner seg trygg på at det er behov for fleire barnehagar i kommunen. Ho viser til at kommunen framleis driv Aktiv barnehage og at det er for tida ingen ledig kapasitet ved barnehagane i kommunen.

God plass

I den nye barnehagen får både personalet og borna god plass, meir enn det dei har krav om.

– Vil det seie at det kan bli aktuelt å utvide barnehagen med fleire plassar?

– Nei! Det er det ikkje. Eg har ingen ønskje om å ha meir enn 66 plassar. Eg likar ikkje for store barnehagar, svarer barnehagedrivaren.

Ho meiner det går utover kvaliteten på barnehagen om han er for stor. Det går utover det barnehagen er i stand til å tilby til det einskilde barnet. Samstundes legg ho til at ho veit det er mange gode kvalitetar også ved dei barnehagane som er mykje større enn det ho sjølv ønskjer å drive.

Oppteken av kvalitet

Barnehagane til Austnes blir drivne etter norma som har vore standard i mange år. Det er tre små born på ein vaksen, eller seks store born på ein vaksen.

– Greier du å skaffe nok folk til å jobbe i barnehagen?

– Ja, eg har mange dyktige arbeidstakarar som vil jobbe med meg, svarer Austnes, som er oppteken av å skape gode arbeidsvilkår og legg vekt på kvalitet i barnehagane sine. Då får ho også dyktige arbeidstakarar som vil arbeide der.

– Vikemarka barnehage blir ein flott barnehage, meiner Austnes.