Havila Shipping i Herøy har inngått kontarktar med Petrobasog Shell til ein verdi på 350 millionar kroner.

Inkludert desse kontraktane har reiarlaget i Fosnavåg skrive kontraktar til ein verdi på nærare 2,6 milliardar kroner i løpet av dei fire første månadene i år.

Kontrakten med Petrobas gjeld plattform supplyskipet "Havila Faith", bygd i 1998. Skipet er allereie på kontrakt til september 2013. Med den nye kontrakten blir perioden utvida med fire år, fram til september 2017, og med sjanse til forlenging fram til 2021.

Kontrakten med Shell gjeld PSV-en "Havila Borg", bygd i 2009. Også dette skipet er under kontrakt fram til juli i år, og denne perioden blir forlengd fram til juli 2014, med fire opsjonar på eit år kvar i tillegg.

2013 har starta godt for Havila Shipping, som har 27 offshore-skip i flåten.

Administrerande direktør Njål Sævik seier i einkommentar til kontraktsflaumen at han er godt nøgd med dei fire første månadene i 2013. Dei to nye kontraktane føyer seg fint inn i ei rekke avtlar som er inngått til høgare pris enn det skipa går på i dag.

Havila Shipping ASA har no kontraktsreser4var på om lag 4 milliardar kroner. Tek ein med opsjonar, er verdien på 6,2 milliardar kroner.