I kjellaren på Hareid rådhus er det no installert eit nytt naudstraumsaggregat. Viss søstera til “Dagmar” kjem feiande inn over oss, skal innbyggjarane i kommunen likevel vere sikra lys og varme.

Hareid rådhus er driftssentral for IT på Søre Sunnmøre. I systemet ligg både sakshandsaming, økonomistyring og Gerika-systemet til omsorg. Det seier seg sjølv at det er svært viktig å ikkje ha lange driftsstansar.

I tillegg er det i ein krisesituasjon viktig å ha ein stad i kommunen der det er straum.

– På taket av Hareid rådhus har Telenor montert ein mobilsendar, og så sant Telenor klarer å halde linjene opne, vil mobilnettet i Hareid fungere så lenge det er diesel på tanken ved Hareid rådhus.

Investeringar for nærare 1 mill. kroner

Geir Egil Myklebust, leiar for kommunal eigedom i Hareid, opplyser at dieseltanken og naudaggregatet har kapasitet til å kunne levere straum og varme i 10–11 dagar.

Det nye naudaggregatet gjorde at det også måtte installerast ny hovudtavle til heile Hareid rådhus. Tavla har kosta 440.000 kroner, naudaggregatet 320.000 kroner.

I tillegg kjem ei ekstraløysing på 110.000 kroner til utskifting av ein dieseltank frå 1967.

Utbetringar også ved Hadartun

Ved Hareid sjukeheim vart det i februar gjort ein del utbetringar som gjer at heile Hadartun og sjukeheimen, inkludert kjøkkenet, ikkje misser straumen ved straumbrot. Desse investeringane kome på 125.000 kroner, og Hareid kommune har dermed brukt nærare ein million kroner på å sikre straumtilførselen. Ved Hareid sjukeheim er dei no sikra straum i 5–6 dagar viss hovudkjelda koplar seg ut.

Satellittelefonar

Ordførar Anders Riise opplyser at kommunen også har vedteke ein ny beredskapsplan, og at det er bestilt inn satellittelefonar og vil fungere ved straumbrot og brot på telefonlinjene.