Natt til måndag har nokon grisa til fasaden på bygget til Filadelfia-menigheita i Ulsteinvik. På eine veggen har nokon spraymåla ein svastika eller hakekors. Det har også vorte måla meldinga "free the weed" på bygget der Aktiv Trening i Ulsteinvik sentrum held hus.

Tysdag ettermiddag hadde ikkje politiet på Sunnmøre fått melding om hendingane.