Til hausten må Hjørungavåg skule kutte om lag ei stilling. Det bekymrar FAU ved skulen.

I eit brev til kommunen skriv dei:

“Skulen vert framleis firedelt, men delingstimar i viktige fag vert tatt bort. Ei slik ordning vil innebere at det må undervisast i to ulike pensum samstundes i dei tre viktige faga norsk, matematikk og engelsk, og det vert vanskelegare å tilpasse undervisninga for kvar einskild elev. Denne organiseringa vil ramme alle elevane ved skulen, men i endå større grad elevar med særskilde behov.

I tillegg er rektor pålagd å kutte i spesialundervisningsressursen med 100.000,- kr. Ved å kutte i midlane mister rektor sin fridom til å tilpasse undervisninga etter den einskilde elev sine behov.

FAU ser difor med bekymring på elevane sitt læreutbyte for det komande skuleåret, og vil peike på at nedskjeringane i skulen komande skuleår kan utløyse større kostnader på sikt.”