Tysdag kveld samla ei større gruppe russ seg på fyllinga til Eiksundsambandet på Eiksund i Ulstein. Då klokka passerte 23.00 på kvelden fekk operasjonssentralen til Sunnmøre politidistrikt fleire telefonar frå bygdefolk i Eiksund om plagsam støy.

Måtte dempe seg

– Vi har fått ein heil del telefonar frå busette i Eiksund som opplever støyen som ubehageleg. Vi har ikkje kapasitet til å sjekke opp saka no, men vil ta hand om dette så snart vi har har det, fortel operasjonsleiar Ole Bjørn Harang til Vikebladet Vestposten rundt midnatt.

Klokka 00.45 fekk russen beskjed frå ei politipatrulje om å dempe seg. Først klokka 01.30 blei det stilt på Eiksund.

Det var ikkje berre i Eiksund natteroa vart forstyrra. Klokka 23.50 kom det meldingar til operasjonssentralen om støy frå eit liknande russearrangement i Ørsta.

Storkosar seg

Eiksundsambandet er ofte gjenstand for russefest. Så tidleg som sist sundag måtte politiet avslutte ein russefest på sambandet etter fleire klager frå busette i Eiksund.

Russen håpar dei ikkje har skapt for mykje plager.

– Vi er her for å kose oss å ha det kjekt saman. Vi håpar ikkje at vi har øydelagt natteroa til dei busette i bygda. Det er ikkje meininga, fortel ein av russane til Vikebladet Vestposten sin utsende natt til onsdag.

Full russefest på Eiksundsambandet held bygdefolket vakne. Foto: Joar Ødegård
Politiet var kalla inn for å avslutte russefest på Eiksundsambandet i Ulstein etter fleire meldingar frå bygdefolket. Foto: Joar Ødegård