Ved midnatt kom det inn ei melding om flaskeknusing både ved Amfi og i båthamna i Ulsteinviok. Politiet rykte ut og "snakka til folk"- og tilstandane fekk ikkje utvikle seg. Ei stund seinare - i om lag halv 2-tida - stansa politiet ein bilist i Ulsteinvik - med mistanke om promillekøyring. Prøva, som vart teken på staden, viste ei promille på om lag 1,0. Førarkortet vart inndrege på staden. 17. mai føremiddag kom det melding om lyngbrann ved Veten på Gurskøya. Ein person hadde sett fyr på noko rusk, og brått tok elden fatt i tørt gras og spreidde seg til kringliggande lyngområde. Brannvesenet rykte ut og sløkte.