Bak arrangementet står butikkgruppa i Hareid næringsforum, og dei lovar eit "Opplev Hareid" med mange spennande aktivitetar. Hilde Kirkebø Bjåstad er nyvald leiar for butikkgruppa, og ho fortel at det også vil bli kunstauksjon i regi av Hareid kunstlag og at Hareid Hotel byr opp til utedans med ei nasjonalt kjend gruppe. Skeisegruppa Verparen arrangerer rulleskeiseløp gjennom sentrum, det blir guida tur langs Rotarystien, bilutstilling og opa kyrkja med guide. - Spennvidda blir stor, og omfattar også tivoli, tur til Holstadhornet og open gard på Teigane søndagen. Der blir det selt middag, slik at folk som har vore på Holstadhornet kan gå rett i etinga, smiler Kirkebø Bjåstad. Hareid næringsforum skal setje opp teltet sitt i parken, og både Hareid kulturskule, Seniordansarane og dei lokale Grand Prix-jentene Ingrid og Maria skal underhalde. Bruskassestabling, demonstrasjon av den nye brannbilen i Hareid, vitjing av Eliasbåten og Klovnen Klomse blir også blant opplevingane. Dessutan skal Thomastoget gå i skytteltrafikk mellom småbåthamna, forbi parken og innover i Kjøpmannsgata. - Og sjølvsagt vil butikkane i Hareid ha ei masse gode tilbod. Vi vil by på det beste av oss desse dagane, lovar Kirkebø Bjåstad. Dersom nokon er interesserte i å tinge torgplass, er det berre å ta kontakt med Rakel Dyrhaug på Hareid næringsforum sitt kontor ved Hareid rådhus. Nytt styre Butikkgruppa i Hareid næringsforum har nyst fått nytt styre. Leiar Hilde Kirkebø Bjåstad har fått med seg Monja Arnesen (nestleiar), Hilde Johansen, Wenche Edvardsen, Bjørn N. Holstad og Olav Sindre Kriken til å drive arbeidet framover.
Nyhende →
Opplev Hareid i starten på juli
Arrangementet "Opplev Hareid" har blitt ein suksess, og 2.-5. juli er det klart for tredje utgåve. Båtfestival, tivoli, open gard og parkdag er berre litt av det som skal skje.