Fjellet vart straks mykje meir attraktivt; det same blei stranda og fjorden. Nokre nytta sjølvsagt høvet også til forfallande oppgåver i heimen. Den lokale kajakklubben, med Inge Håkonsholm i spissen, arrangerte overnattingstur. Ein gjeng på 12 padlarar samla seg laurdag klokka 14 på Eiksund og padla derifrå til Kjeldsund, der dei overnatta. -Vi er i alle fall heldige med véret, sa Håkonsholm rett før avreise. Oppakninga var av det seriøse slaget. Det var nesten ikkje ei kubikkcentimeter ledig etter lasteroma til kajakkane hadde blitt fylt med proviant, kle, sko, telt, sovepose, liggeunderlag og tryggleiksutstyr. Inken Sabine Henning hadde også med seg strikkeutstyr: -Berre for sikkerheits skuld, altså, skøya Inken. På Overåsanden, Osnessanden, Roppesanden, Fløstranda og liknande idyllar i nærområdet var folk i feriemodus. På Eiksund såg vi ungdommar sole seg og spele volleyball. På Roppesanden laurdag var det samla eit 20-tals små og store. Fleire familiar hadde gjort avtale om å kome saman til grilling og hyggeleg lag. Øyvin Sønnesyn, ein av dei lokale trubadurane, hadde tatt med kassegitaren sin. -Gitar og song på dagar som dette høyrer med, sa Øyvin Sønnesyn. Han og dei andre frammøtte sørga for ei lun og god stemning rundt bålet.