No etterlyser ho og frivilligkoordinator Anne Marta Vinsrygg Vadstein fleire som vil vere frivillige under Festspela siste helga i juni. – Som frivillig på Festspela får ein god praksis innan kulturarbeid og ein unik sjanse til å knyte nye kontaktar. Vi treng hjelp til mellom anna transport, dekorasjon, billettkontroll, rydding, vakthald og parkering, seier Flyum. Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement, t-skjorte og avslutningsfest med mat og drikke. Og ikkje minst, dei får ei flott oppleving saman med andre frivillige, festspelstaben og alle dei kjekke festspelutøvarane. Dei nynorske festspela 2009 gir publikum litteratur og songar på minst 14 språk. Anna Gavalda-omsetjaren Tove Bakke er festspeldiktar, og ho pregar programmet saman med nærmare 20 andre forfattarar og omsetjarar. Arve Henriksen, Aasmund Nordstoga, Side Brok og Cajun du Nord er blant dei mange utøvarane som skal fylle festspeldøgna med rytmar frå så vel Afrika og Karibia som USA og Nordvestlandet. Festspela blir arrangerte i Volda og Ørsta frå 24. til 28. juni og inneheld meir enn 50 arrangement på 20 scener. Temaet er ”Med andre ord”, og det er første gongen ein festival har ein omsetjar som festspeldiktar. Vil du vere med på laget som frivillig er det berre å ta kontakt med Aasentunet