Høgskulen i Ålesund sin fusjon med NTNU har vert og er ei god moglegheit for kommunar og næringsliv i regionen. Dette med utgangspunkt i at NTNU frå 2016 er det største universitetet i Noreg. Styreleiar Anders Riise og dagleg leiar i Sunnmøre regionråd, Jan Kåre Aurdal er på vegne av kommunane på Sunnmøre opptekne av at framtidig fagleg organisering ivaretek omsynet til autonome fagmiljø ved institutta ved NTNU i Ålesund.
Autonomi tyder sjølvstyre, (red. merknad)
I dag er NTNU i Ålesund velkjent for eit nært samarbeid med både kommunar og næringsliv.
Kan miste samarbeidet- Vi fryktar at autonome institutt ved NTNU i Ålesund kan ende opp som fagseksjonar underlagt institutt i Trondheim. Dette kan medføre at NTNU i Ålesund vil mangle beslutningskraft i samarbeidet med kommunar og næringsliv i regionen, heiter det i ein uttale.Regionrådet ber difor at det vert lagt opp til ei fagleg organiseringa av NTNU i Ålesund som ivaretek regionalt særpreg og autonomi. Innan til dømes helsefag er NTNU i Ålesund ein sentral kunnskapslevarandør til kommunane. Det er utvikla eit godt samarbeid mellom NTNU Ålesund og kommunane på fleire område, mellom anna innan velferdsteknologi. Det er viktig å leggje til rette for at denne typen samarbeid også kan utvikle seg i framtida. - Vi ser det slik at framhald av eigne institutt (med naudsynte fullmakter) ved NTNU i Ålesund vil vere til det beste for å sikre ein vellukka fusjon, avsluttast uttala sendt til rektor og styreleiar ved NTNU Trondheim.
Sunnmøre Regionråd IKS er regionråd for 19 kommunar på Sunnmøre og i Romsdal med nærare 150 000 innbyggjarar. Medlemskommunane er Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta, Ørskog og Ålesund.