Statistikken i årsmeldinga tek føre seg åra frå 2008 til og med 2015. Ifølgje statistikken har talet på medlemmar i Den Norske Kyrkja i Ulstein sokn auka frå 6.182 til 6.558 i denne perioden. Ein auke på 5,7 prosent.

- Den fine auken heng nok først og fremst saman med at vi har god tilflytting til regionen vår, og at mange av desse allereie er medlemmar av kyrkja. Det er uansett gledeleg å sjå at fleire blir medlemmar av soknet vårt, seier kyrkjeverje Christfried Kaul til Vikebladet Vestposten.

Samstundes har utmeldinga frå kyrkja auka frå 4 personar i 2008 til heile 41 i 2015.

Talet på døypte har auka frå 70 til 79 mellom 2008 og 2015, med eit toppår i 2011, der heile 99 blei døypte.

Når det gjeld giftarmål, blir det færre for kvart år som går. I 2008 var det 19 par som blei smidd i hymens lenkjer, medan det i 2015 var 12 par.

Gudstenestedeltakinga går ned

Om ein ser tilbake til 2008 var det i alt 16.138 som gjekk til gudsteneste i Ulstein sokn. Sju år etter var dette talet på 14.810. Ein nedgong på 8,2 prosent. Her har sokneprest Margit Lovise Holte ei forklaring på tala.

- Når det gjeld tala i årsstatistikken for 2015 så er dei dessverre ikkje korrekte. Sommaren 2015 var det ei opprydding som medførte at boka for dagsregistrering med tal på gudstenestedeltakarar og nattverddeltakarar forsvann. Rapporteringa i sommar og utover hausten er difor mangelfull og sviktande. Boka kom til rette ved årsskiftet. Difor er tala for antal gudstenestedeltakarar og nattverddeltakarar ufullstendige og mangelfulle. Vi har brukt tal frå 2014 og trekt frå 20 – 40 stykk for i alle fall å ikkje over-rapportere. Dette orsakar vi på det sterkaste og har betra rutinane for dette, seier Holte.

Elles har tårnet til Ulstein kyrkje blitt mala utvendig i 2015. I samanheng med malingsarbeidet har også uret i tårnet blitt sett i stand. Julian Sanders tok på seg dette arbeidet heilt gratis.

Store investeringar

Årsrekneskapen for 2015 viser at Ulstein sokn har eit netto driftsresultat som er negativt med kr. 22.863, medan ein har eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr. 170.439. Hovudgrunnen til det negative driftsresultatet er investeringar som er gjort. Oppgradering av lydanlegg i kyrkja, oppgradering av overføringsutstyr for TV- gudsteneste, arbeid med nytt kjøkken og møterom, men også bytte av IT- leverandør og ny avtale med Kirkedata.