Mikhael Paskalev, som opphaveleg kjem frå Ålesund, er travelt oppteken med turne i Europa og USA. Likevel finn han plass til å halde konsertar ved ulike skular i fylket.
Den fyrste konserten blei spelt i Volda den 26. august. Dei kommande dagane står skular i Ulstein, Ålesund, Kristiansund, Molde, Haram og Stranda for tur. Konsertane er ei tilbod gjennom Kultursekken, som er namnet på den kulturelle skulesekken for Møre og Romsdal.
På alle vidaregåande skular
Alle dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal er med i Kultursekken. Skulane prioriterer kvart år tre konsertar eller andre kulturopplevingar dei får tilbod om gjennom Kultursekken. Det fortel Møre og Romsdal fylkeskommune.
I tillegg til Mikhael Paskalev, skal andre aktuelle artistar som Steinar Raknes og Mhoo halde konsertar. Eit viktig prinsipp for Den kulturelle skulesekken er at alle elevar skal få høve til å gjere seg kjend med alle typar kulturuttrykk innafor fagområda scenekunst, litteratur, kulturarv, musikk, visuell kunst og film. Elevrepresentantane som er med på å lage prioriteringane for sin skole viser ei imponerande evne til å prioritere variasjon for sin skule. Det er ikkje berre dei store konsertane med dei mest kjende namna som er populære.
Døme på andre kulturopplevingar som er ettertrakta på skulane, er den svenske konseptkunstnaren Thomas “Håkki” Eriksson sitt foredrag, “Jag tyckte boken var bättre än filmen” og Teater NIE si framsyning “Minnenes Museum”.
Alle elevane på kvar skule tek del i dei same kulturopplevingane, noko som gjer at elevane deler felles kulturelle referansar og får høve til å finne ut kva for kulturuttrykk dei lik og ikkje lik, heilt uavhengig av kva for utdanningsretning dei har vald.