Ved Saunesosen i Ulsteinvik sentrum er det i desse dagar svært høg aktivitet. Dei som følgjer med til dagleg har kanskje merkt seg den høge krana og alt armeringsstålet som har kome på plass.

Ferdig med golvet

Aktiviteten rundt Saunesosen skuldast ein ny betongkulvert for Sauneselva. Denne krev ein del arbeid.

Hovudentreprenør Volda Maskin har grave plass til kulverten. Ein eigen betongentreprenør jobbar no med å støype denne, medan maskinentreprenøren grev grøfter for det tekniske anlegget som skal liggje i Sjøgata – Ulsteinvik si framtidige miljøgate.

Då Vikebladet Vestposten tok turen innom anlegget torsdag kveld, var det litt rolegare. Betongentreprenøren jobba med armeringsstål, der veggene på kulverten skal stå.

Sjølve Sauneselva er omdirigert i nokre store rør som ligg ved sidan av arbeidet med kulverten.

Fram til i dag er golvet i kulverten støypt ferdig. Det ser rett så flott ut.

Medan betongentreprenøren jobbar med kulverten, grev hovudentreprenør plass til teknisk anlegg i Sjøgata - Ulsteinvik si framtidige miljøgate. Foto: Joar Ødegård