Det er no 11 år sidan Lisa Mari Breivik Anderson starta opp familiebedrifta Gode Greier i Gjerdsbakkane. Produkta hennar er basert på bær og frukt. Diverre tok ho ikkje patent på namnet Gode Greier då ho starta opp. Det angrar ho på no.

Smoothies frå Tine

Tine har lansert ein heilt ny serie med smoothies under namnet Gode Greier. Dei blir lansert som naturleg drikke av frisk frukt, bær, og grønsaker.

Lisa Mari Breivik Anderson har teke imot mange meldingar frå folk som reagerer på Tine sin bruk av hennar namn. Ho har til og med opplevd at nokre trur at det er ho som har laga varene frå Tine, som blir selt i daglegvareforretningar. – Det er litt ekkelt, kommenterer Andersen.

Ingen kven som helst

– Tine er ingen kven som helst. Dei skal vere på bøndene og småskalaprodusentane si side, seier Anderson og kjenner det som Tine har stole både namnet og merkevara hennar.

– Eg er ganske sikker på at dei visste det, seier Anderson og trur at Tine har plukka opp namnet ein stad. Det finst mykje om firmaet hennar på internett, og ho reiser ein del rundt på Bondens Marked med varene sine. Ho har også teke kontakt med leinga av Bondens Marked for å få dei til å hjelpe seg så ho får halde fram med namnet.

No har ho endeleg søkt om varemerkeregistrering av Gode Greier, men sidan Tine var før henne, kan det vere at ho ikkje får registrert namnet på seg. Sjølv om ho kan dokumentere at ho har brukt namnet i 11 år.

Anderson seier det er greitt for henne at dei sel ut smoothien dei har laga, men det er ikkje greitt om det no viser seg at Tine får rett på merkevarenamnet hennar. Ho har teke kontakt med Patentstyret om denne saka, og dei ser at ho har brukt namnet lenge.

– Det er trist om Tine skal få lov til å ta konseptet som ein småskalaprodusent har brukt lang tid på å opparbeide for å tene pengar på det. Eg håpar dei viser storsinn og ser at dette skulle dei ikkje ha gjort, avsluttar Anderson.

Tine skiftar namn

Foto: Ottar Andre Breivik Anderson