Uavhengig valliste for Sunnmøre likar dårleg idéen om å leggje ned kjøkkenet på sjukehusa i Volda og Ålesund, og få maten tilkøyrd frå Molde i staden. Forslaget er førebels kome opp i ein konsulentrapport, men Kvalsvik tenkjer det er like greitt å seie tydeleg frå med det same om at dette er ein dårleg idé.

– Det er skræmande at folk kan tenkje tanken, synest han.

Kari Ristesund og han har sett igang med å samle underskrifter for å vise misnøye mot dette forslaget. Då akuttkirurgien ved Volda sjukehus vart foreslått nedlagt samla dei 12 000 underskrifter og fekk stoppa forringinga av sjukehustilbodet på Sunnmøre.

– Kvifor er det viktig at maten bli laga lokalt på sjukehusa?

– Det er viktig at det er fersk mat, det er ikkje maten om han skal køyrast lange distansar, svarer Kvalsvik.

Han synest også det er viktig med fleksibilitet. Jo større kjøkken, jo mindre fleksible løysingar.

– Di fleire funksjonar dei tar vekk, jo meir svekker dei det lokale sjukehuset, anten det er mat eller anna, slår han fast.

Legg ut lister

Uavhengig valliste for Sunnmøre legg ut underskriftlister på daglegvarebutikkar og senter rundt om kring. Dei meiner dette er ei viktig sak for dei.

– Me har stilt oss disponible for folk på Sunnmøre og meiner dette er ei stor og viktig sak å gripe fatt i. Dei fleste synest dette er ein okei aksjon å støtte, seier Kvalsvik.

Han legg til om nokon meiner det manglar ei underskriftliste ein plass er det berre å melde frå, så sender han på epost.

– Dei skryt av det gode demokratiet i Noreg. Om folket får bestemme trur eg nok ikkje det blir felles sjukehuskjøkken i Molde. Sjukehusa er statlege, eigd av folket, då må me også ha litt me skal ha sagt i denne saka, meiner Kvalsvik.