(Sunnmørsposten): – Det ikkje noko kjekt å vere heime ufrivillig. Det at ein ikkje veit kva som vil skje og lever i uvissa er det verste, seier 46-åringen frå Ulsteinvik.

Medan arbeidsløysa dei to siste åra har stagnert eller gått ned dei fleste stader på Sunnmøre, har den auka med meir enn 40 prosent i desse fire kommunane.

Pengebekymringar tabu

Sunnmørsposten møter Knut heime i Ulsteinvik der han kan sjå supplyskipa ligge til kai utan jobb.

Knut er ein sosial kar som gjerne inviterer til lag med god mat og vin. Han kjenner mange i den maritime klynga etter å ha jobba både i Ulstein, Vard og Rolls-Royce, og han er politisk aktiv i lokallaget til Ulstein Høgre.

Likevel har han opplevd at den enkelte sine utfordringar med arbeidsløysa blir lite omsnakka. Spesielt meiner han det er vanskeleg å snakke om økonomiske bekymringar.

– Ingen eg har snakka med har fortalt om det, men det er ikkje umogleg at dei har hatt det – og ikkje vil fortelje. Det er som eit tabu, seier han.

– Men burde det vere slik når så mange er råka?

– Nei, men det er ikkje enkelt og blir ikkje snakka om, seier han.

Venta barn – mista jobben

I desember 2015 hadde Knut Kleiven sin siste arbeidsdag som prosjektingeniør i Rolls-Royce Marine der han jobba med å designe skip til oljenæringa. Få månader etter han mista jobben venta han og kona sitt andre barn, noko som sjølvsagt innebar eit ønskje om økonomisk tryggleik.

Eitt heilt år skulle det gå før han fekk ny jobb i Havyard-konsernet i Herøy. Men barna bidrog også til at han hadde nok å henge fingra i og han fekk mykje tid med minsteguten det første året.

– Samstundes forsøkte eg å halde meg i aktivitet ved å male hus og slikt. Ein må berre vere positiv og ikkje la seg bli dradd ned, seier han.

– Prøve nye ting

Knut jobbar no som avdelingsleiar for automasjonsavdelinga i Havyard MMC, som lagar fiskehandteringsutstyr. Han seier det er lettare å sjå lyst på framtida no. Å pendle til nabokommunen Herøy er ein pris han gjerne betalar for å vere i jobb.

– Ein må vere villig til å prøve nye ting. Eg var i olja, men er no i fisk. Det er både spennande og skremmande, og eg har hatt ei bratt læringskurve. Men det er kritisk å ha ein jobb å gå til, påpeiker han.

Vanskeleg å få ny jobb

Sjølv opplevde Knut at det var vanskeleg å få ny jobb, og han trur nettverket kan ha vore avgjerande for at han kom tilbake i arbeid.

– Eg kjende jo mange folk etter 20 år i bransjen og snakka med nokre. Eg veit ikkje sikkert, men at nokon veit noko positivt om deg og kan framsnakke deg, trur eg kan vere viktig. Eg hadde ein del søknader ute, og på jobben eg fekk var det 70 søkjarar. Slik sett var eg jo heldig, seier han.

Som Høgre-politikar er det ikkje overraskande at han peiker på formuesskatten, som ein av tinga ein kunne gjort noko med for å betre situasjonen for bedriftene.

– Eg vil ikkje slå politisk mynt på dette, men det er heva over ein kvar tvil at selskap som Island Offshore, Kleven, Ulstein og Farstad, ville vore i stand til å møte krise betre, om dei hadde sloppe den, seier han.

Knut sin tidlegare arbeidsgjevar, Rolls-Royce, med utanlandske eigarar slepp denne utgifta. Kollapsen i marknaden har likevel gjort at dei har kutta kraftig i bemanninga.

Denne saka stod først på trykk i Sunnmørsposten.