Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) vitja i dag Hareid sjukeheim. Noko forseinka kom han til Hadartun frå ei samlinga i Volda, og etter Hareid skulle han vidare til Ålesund.

- Både økonomien og Kommunereforma har vore krevjande

Partikollega og ordførar Anders Riise ønskte han velkomen, og slo fast at kommunen har hatt sine utfordringar dei siste åra.

- Det har vore krevjande både å vere på Robek-lista og jobbe med Kommunereforma, sa ordføraren.

Han la til at han ikkje synest Kommunereforma hadde fått det beste utfallet.

- Men det positive er at Kommunereforma har gjort at kommunane har vore nøydde til å samarbeide meir. Vi har fått til eit samarbeid innan IKT, brannvern - og truleg snart også eit felles NAV-kontor med Ulstein. Kommunereforma er ikkje over med dette, vi får sjå kva som skjer på litt lenger sikt.

- Vi får først gi dei sjansen til samarbeid

Men då Vikebladet Vestposten spurde kommunalministeren om det kan bli aktuelt å tvangssamanslå Hareid og Ulstein kommunar, vart Sanner knapp i svaret.

- No får vi gi kommunane sjansen til å samarbeide, og så får vi sjå kva det fører til, var alt han ville seie om den saka.

Sanner hadde med seg både blomster og eit skriftleg bevis på at Hareid kommune no er ute av Robek-lista.

- Det har vore jobba godt med økonomien i Hareid kommune. Å ha orden på økonomien er viktig for å sikre gode tenester i kommunen. Då vi fekk regjeringsmakta for snart fire år sidan fekk vi høyre av motstandarar at kommunane kom til å bli sveltefora. Men det har ikkje slått til. Tal viser at 2016 er det beste året reint øknomisk for kommunane, sa Sanner.

Han slo fast at det krevst god disiplin og evne til prioritering når eit stort underskot skal vendast til overskot.

- Eg høyrde nokon seie for ei stund sidan at eigentleg burde alle kommunar vere innom Robek-lista ein periode. Det lærer dei å snu steinar av, smilte Sanner.

Likte det han fekk høyre om velferdssektoren

Velferdssjef Berit Aasen rakk å gi kommunal- og moderniseringsministeren ei kjapp orientering om stoda i velferdssektoren. Og Sanner verka å like det han fekk høyre. Blant anna at dei for to år sidan sette seg som mål å bli ein kvalitets-og kompetanseorganisasjon. Dei har innført fagutviklingsdagar, og dei har fått kraftig ned talet på deltidsstillingar.

- Per i dag har vi ingen på deltid som ikkje ønskjer det, kunne Aasen fortelje.

Fagutviklingsdagar som er fast innarbeidd i turnusordninga, har også vore vellykka, og det same har måltidsendringa vore.

No får alle bebuarane middag klokka 15.30, og det har ført til  meir trivsel, betre nattesøvn og mindre medisinering.

Delegasjonen fekk seg også ei lita omvising i den nye sansehagen ved skjerma avdeling før dei måtte skunde seg ned til Sulesundferja.

Riise første vara - ?

Blant dei som var med over fjorden var ordførar Anders Riise. Han står på fjerde plass på Storstingslista for Møre og Romsdal Høgre. I dag har fylket to representantar på Stortinget.

- Eg trur det mest realistisk at vi får inn tre representantar til hausten. I tillfelle blir eg første vara, og kan få sjanse til å møte ein del, er stalltipset til Riise.