– Vi vil gjerne at ungdomane skal kunne lære meir om ein slik flott hobby som foto er. Med kurset ynskjer vi å vekke interesse for foto og gi ungdomane ein sjanse til å lære meir om fotografering. Fleire har kamera, men veit ikkje alltid korleis ein brukar det, seier kursleiar Trond Are Thomassen.

Hovudfokus for kurset vil vere kamerabruk og det å stille inn kameraet rett i ulike situasjonar, til dømes ved portrett- og landskapsfotografering. Kurset skal ha fire samlingar utover hausten, med oppstart 11. september.

– Dette er eit kurs både for dei som har erfaring med fotografering frå før og dei som er nybyrjarar. Kurset vil basere seg på teori, men ikkje minst læring gjennom praksis. Fleire frå klubben som har god erfaring med fotografering vil vere med på kurset for å kunne gi personleg rettleiing til kvar enkelt kursdeltakar, fortel Thomassen.

Kurset vil gå føre seg på Ulstein hotell og er gratis for ungdom under 18 år. Kursleiaren nemner at det også er ope for andre deltakarar, men at ungdom blir prioritert først.

Ungdomsarbeidar og MOT-koordinator i Ulstein kommune, Marie Flatin, håper ungdomen vil engasjere seg og nytte seg av tilbodet.

– Eg oppfordrar alle til å vere med på kurset, seier Flatin.

– Ein kan melde seg på kurset ved å sende ein e-post til kontakt@fotodilla.no, og då er det viktig at ein nemner om ein vil vere med på eit eller alle kursa, seier Thomassen, som også viser til nettsida www.fotodilla.no for meir informasjon.

Kursleiaren gler seg til å setje i gang med kurset og trur det vert veldig kjekt. Han håper også at kurset kan bidra til at Fotodilla får fleire yngre medlemer.