Kanskje så mange som 100 veteranbussar vil ta turen til Hareidlandet 19. og 20. mai neste år. Då skipar nemleg Rutebilhistorisk Forening (RHF) til veteranbusstreff med påfølgjande landsmøte i Ulsteinvik.

– For å arrangere eit slikt treff må vi ha hotellkapasitet og vi må ha plass til alle bussane. Slik sett høver Ulsteinvik bra. No har vi fylt opphotellet i Ulsteinvik, så i tillegg må nytte oss av hotellet i Fosnavåg, feriesenteret på Flø og sommarhotellet ved Sunnmøre Folkehøgskule også, for å få rom til alle, seier Ola A. Rangsæter. Han er sekretær både i hovudstyret og i styret for RHF Sunnmøre og primus motor for veteranbusstreffet i Ulsteinvik.

På synfaring

Laurdag var hovudstyret for RHF, samt nokre av styremedlemmene i RHF Sunnmøre, på synfaring i Ulsteinvik for å sjå nærare på fasilitetane.

– Bussane vil stå oppstilt på den kommunale parkeringsplassen ved småbåthamna. Her vil det bli bussutstilling og ulikt program dei to dagane treffet varer, noko som også vil vere ope for det lokale publikum. Vi satsar også på å få til utflukter som til dømes til Ishavsmuseet i Brandal og til Runde. Det hadde også vore kjekt å fått til ei historisk vandring i Ulsteinvik, der ein kjentmann kunne fortelje om framveksten i verftsindustrien til dømes. Men førebels er mykje av dette enno på planleggingsstadiet, understrekar Rangsæter.

Busskortesje

Det er også lagt opp til ein buss-kortesje.

– Det er ikkje berre enkelt å få til, når opptil hundre bussar kanskje må snu eller rygge. Men mest truleg vil bussane køyre i kortesje mellom Hareid og Ulsteinvik. Her vil det heilt sikkert verte høve å bli med for den som har lyst, seier han.

Rangsæter er elles full av lovord om korleis han er blitt motteken av Ulstein kommune, representert ved Leif Ringstad og Odd Kåre Wiik.

- Ulstein kommune har vore ein førsteklasses samarbeidspartner for å få til eit såpass stort arrangement. Både kultursektoren og teknisk sektor har vore fantastisk hjelpsame og innstilte på å finne gode løysingar. Gode råd og ei gjennomgåande serviceinnstilt haldning, gjer at eg forstår kvifor Ulstein kommune greier å få til så mykje som dei gjer, roser han.

Sist Sunnmøre RHF arrangerte veteranbusstreff var i 2000. Det var i Ålesund. Elles var det siste treffet her i fylket i Molde i 2008, elles eitt hundre år etter at den første bussruta her i landet vart sett i drift nettopp mellom Molde og Batnfjordøra.

Mykje av synfaringa laurdag vart gjort ved hjelp av ein liten buss frå 1974 som i si tid mellom anna har skyssa turistar opp til Trollstigen i Valldal. Bussen er no ivareteken av RHF Sunnmøre.

– Det handlar mykje om nostalgi. Medan nokre tykkjer gamle bussar er interessant ut i frå ei bransjemessig tilnærming, er andre meir opptekne av den tekniske delen av dette, seier Rangsæter som saman med resten av busspassasjerane no gler seg til å ønskje rutebilhistorisk interesserte til samling i Ulsteinvik.

Elles har vel sjeldan så mykje rutebilhistorisk kompetanse vore samla på våre kantar som under denne synfaringa Mellom anna fekk vi vite at det har vore over 1000 ulike busselskap i sving her i landet oppgjennom historia. Berre på Sunnmøre var det ein periode 25 ruteselskap i sving. Også innan karosseribygging fanst det eit utal av fabrikkar, men i dag er alle desse borte.