Skatteoppgjeret for i fjor er no klart, dei fleste får pengane i dag. I Møre og Romsdal er det tilsaman 130 500 lønsmottakarar og pensjonistar som har betale for mykje skatt i fjor og får igjen 1,529 milliardar kroner. Det er ei snitt-utbetaling på rundt 11 000 kroner.

Samtidig er det litt meir enn 20 100 i fylket som må betale restskatt. Desse må i snitt betale rundt 12 000 kroner.

Digitalt førsteval

Regjeringa har bestemt at all kommunikasjon mellom offentlege verksemder og innbyggjarar og næringsliv skal gå føre seg på nett. Dette kallar dei digitalt førsteval. Årets skatteoppgjer er den første store utsendinga som tar i bruk denne ordninga.

Difor har mange alt fått melding på mobil eller epost om at skatteoppgjeret er klart.

- Dei fleste som får skatteoppgjeret no er lønstakarar og pensjonistar som har levert sjølvmelding elektronisk eller som har nytta seg av leveringsfritik, seier Grete Ervik som er fungerande regiondirektør i Skatteetaten region Midt-Noreg.

Neste runde 6. august

Dei som ikkje får skatteoppgjeret sitt no, må vente til neste pulje som får melding rundt 6. august. Dette vil gjelde mange av dei som har gjort endringar og levert sjølvmelding på papir. Deretter blir det vekentleg oppgjer fram til siste pulje som er klar 15. oktober.