Det høyrest ut som eit paradoks – eller kanskje ei historie frå Molboland. Men det er eit faktum at snøfattige vintrar gir høge brøyteutgifter og elles andre ekstrakostnader for Hareid kommune.

Under gjennomgangen av årsmeldinga for Hareid kommune i kommunestyret torsdag  spurde Truls Håbakk (FrP) korleis det kunne ha seg at brøytekostnadene i kommunen blir berre høgare og høgare, sjølv om det nesten ikkje var snø sist vinter.

Kommunalsjef Nils Yngve Nupen forklarte det med at Hareid har sju brøyte-roder og at brøytarane går på avtale og kontrakt og har turnusar som kommunen må betale for.

– Ja, det blir dyrare og dyrare. Og i tillegg slit snøfattige vintrar på asfaltdekket slik at vi får eit etterslep på vedlikehaldet, sa Nupen.