Strekninga frå Strandkrysset til krysset mot Dimnøya og Hasund har fått ein del kritikk for dårleg asfaltdekke. For kort tid sidan vart det hengt opp skilt på strekninga som viser til at det er djupe spor i asfalten, som var flikka på seinast i 2012. Ifølgje Jens Hamre Moe i Statens vegvesen vart det då berre lagt eit tynt toppdekke.

Får ny asfalt

No har Vegvesenet sendt ut ei oversikt over kvar det skal leggast ny asfalt i løpet av 2014. Totalt skal det nyttst 84 millionar kroner på asfalt til riksveg og fylkesveg i Møre og Romsdal i løpet av 2014, noko som tyder at det blir lagt nytt dekke på 71 kilometer riksveg og 71 kilometer fylkesveg.

Statens vegvesen skriv i ein e-post at vegstrekningane blir prioriterte mellom anna utifrå oppsprekking, spor, jamnheit, hol og aldring, samt i forhold til kor stor trafikkmengda er på vegen.

På Hareidlandet er det berre strekninga på fylkesveg 61 frå Strandkrysset og inn til Dimna/Hasund-krysset som får ny asfalt. Det skal leggast nytt dekke på 1579 meter av vegen.

Asfaltsesongen byrjar ifølgje Statens vegvesen rundt 5. mai.

I Herøy og Sande er det fleire vegbitar som skal få ny asfalt:

Fv61: SKOGEVATNET - GURSKEBOTN: 3350 meter

Fv 654: TUFTENE - STOKKSUNDBRUA: 4693 meter

Fv6: SANDSØYA: 2000 meter (flatelapping)

Fv7: KVAMSØYA: 2000 meter (flatelapping)

Her skal det leggast ny asfalt i 2014. Raud er riksveg/europaveg, grøn er fylkesveg. Illustrasjon: Statens vegvesen.