Pausen i tingretten er over, og forsvarar Torgeir Hovland Langva spør klienten sin.

Han fortel at den sikta kom til Noreg i 2002, at han tok sjøfartsfag i 2005, og byrja å jobbe ved eit reiarlag i Fosnavåg etter utdanninga.

Forsvararen spør om drapsnatta:

Etter du kom til deg sjølv og hadde oppdaga kva du hadde gjort, så ringte du ambulanse.

Hugsar du kva meir du gjorde?

- Eg prøvde å sikre frie luftvegar.

Sa unnskyld til dei pårørande

-  Kva tenkjer du om det som skjedde?

- Eg er lei meg for det eg gjorde. Eg veit eg nok aldri kan bli tilgitt, men eg vil seie unnskyld til dei pårørande.Tiltalte er no ferdig med forklaringa si.

Ekskjærasten vitnar

Ekskjærasten fortel at hennar noverande adresse er i St. Petersburg i Russland, der ho er i barnepermisjon.

Aktor Jogeir Nogva byrjar si utspørring av ekskjærasten til tiltalte.

Korleis var tida fram mot det som skjedde?

Ein tolk fortel på norsk for ekskjærasten, som vitnar på russisk.

Ekskjærasten fortel kort om si historie saman med tiltalte, og seier mellom anna at forholdet til tiltalte blei spesielt vanskeleg etter at dei og sonen flytta til Noreg etter å ha budd saman i Russland i to år.

Aktor spør om forholdet til fornærma.

Ho fortel at ho og den fornærma byrja å date ei stund etter forholdet til tiltalte var over. Ho fortel også at tiltalte blei irritert då han oppdaga at ho hadde fått seg ny kjærast.

Tiltalte oppdaga dette via ei tekstmelding på mobilen hennar, og blei irritert.

Aktor spør korleis forholdet var mellom tiltalte og Dimmen.

Ekskjærasten svarar at dei to var kameratar. Kontakta blei brutt då tiltalte fann ut av forholdet mellom ho og Dimmen.

- Forhold til ei anna kvinne

Ekskjærasten fortel også at ho hadde funne ut av at tiltalte lenge hadde hatt eit forhold til ei anna kvinne, så langt tilbake som to månadar etter ho og tiltalte flytta til Noreg.

Ho fortel vidare om hendingane i dagane før den tragiske natta, mellom anna då tiltalte nokre dagar før slo den fornærma i andletet.

Den tiltalte hadde sagt til ekskjærasten at ho og Dimmen måtte lage til eit barnerom i hans leilegheit.

Aktor spør om kva haldning tiltalte hadde til at ho no vurderte å flytte med deira felles barn på permanent basis, ned i leilegheita til Dimmen.

Spør om kvelden før drapet

Aktor spør om kvelden før drapet

Aktor Jogeir Nogva spør ho om ho visste at tiltalte skulle til systera kvelden før hendinga.

Ekskjærasten svara ja, og fortel at tiltalte drog til systera si etter at dei hadde ete middag saman, der han skulle overnatte.

Ho fortel vidare om telefonsamtalane denne natta, mellom anna frå systera til tiltalte.

Systera hadde sagt til ekskjærasten at ho hadde redd opp seng til tiltalte hjå seg.

Ekskjærasten fortel at Dimmen overnatta med ho den aktuelle natta, og at tiltalte hadde uttalt at det var greitt, så lenge sonen ikkje såg det.

-  Klokka fire høyrte eg at nøkkelen blei vridd om i låsen. Eg forventa ikkje at han (tiltalte) skulle kome heim den natta.

Eg stilte han spørsmål om kvifor han kom tilbake. Han svarte at det var hans bustad og at han kunne komme når han ville.

- Vart kjempesint

Eg fortalte at Preben var der. Han svarte ikkje, gjekk inn på soverommet, der han såg sonen min og Preben sove i senga. Det gjorde han kjempesint.  Ekskjærasten fortel vidare at tiltalte heilt uventa greip fatt i ei flaske og gjekk inn i rommet.

Ho fortel at ho prøvde å stoppe han. Tiltalte heva arma, og gjorde seg klar til å slå. Ho prøvde å ta frå han flaska, men han var for sterk.

Skreik at han kom til å drepe han

- Tiltalte kasta meg vekk. Eg skreik, du kjem til å drepe han. Du må slutte.  Ekskjærasten fortel vidare at tiltalte stansa. Ho såg kva forfatning fornærma var i, tok tak i sonen og gjekk ut av rommet.

- Eg høyrte at Preben hadde det vondt

Ho tok telefonen sin, slo nummeret til ambulansetenesta, og gav telefonen til tiltalte.

Tiltalte snakka sjølv med ambulansepersonellet.

- Eg høyrte at Preben hadde det vondt. På dette tidspunktet prøvde tiltalte å hjelpe meg.

Aktor spør om ho såg om barnet såg hendinga. Ho har i ei politiforklaring sagt at barnet såg hendinga, men i tingretten seier ho at barnet vakna etter slaga.

Slo minst fem gonger

Aktor spør ekskjærasten om sjølve gjerninga. Kvinna fortel at tiltalte slo Dimmen minst fem gongar, og at han var rusa.

Ho fortel at ho har utdanning innan helsevesenet, og at ho etter slaga forstod at skadane var svært alvorlege.