Folket i Hjørungavåg har tidlegare vist at dugnadsviljen er stor. No vil dei ta over  barnehagebygget, og starte privat barnehage.

For ei veke sidan vart den nye leikeplassen i Hjørungavåg opna. Eit resultat av at bygdefolket har jobba over 2000 timar på dugnad. No vil mange av dei gå laus på eit nytt prosjekt: barnehage. Blant dei som har sagt seg villige er også fagfolk innan bygg.

På mandat frå bygda

I fjor haust vart borna i Hjørungavåg barnehage flytta til ulike barnehagar i Hareid, og frå 1.1. i år la kommunen formelt ned barnehagen. Det likte dei fleste i Hjørungavåg dårleg.  Det vart derfor kalla inn til bygdemøte, og eit stort fleirtal var klare på at Hjørungavåg må ha sin eigen barnehage.

Må ha driftsstøtte

Hjørungavåg barnehagelag jobbar no målbevisst for å kunne opne barnehagen i august 2015. Laget har forkjøpsrett på bygninga, under føresetnad av at der blir drive barnehage, og har varsla kommunen om at dei ønskjer å nytte seg av denne retten. Men for barnehagelaget er det viktig at Hareid kommune godkjenner søknaden om driftsstøtte til barneahagen.

- Sjølv om dugnadsviljen er stor, kan vi ikkje drive barnehage utan driftsstøtte, kommenterer Anne Marie Saunes Overå, ei av dei som har engasjert seg i Hjørugnavåg barnehagelag.

Mange møtte opp då Vikebladet Vestposten torsdag stakk innom barnehagen i Hjørungavåg for å høyre om planane. Og fleire understreka at dei ser det som svært viktig å få til eit godt samarbeid med Hareid kommune.

- Vi jobbar for ei positiv innstilling. Eg er overtydd om at politikarane i Hareid vil det beste for oss som bur i Hjørungavåg. Ein barnehage har mykje å seie for trivselen. Dei siste åra har folketalet vokse mykje i Hjørungavåg, her har blitt mange småbarnsfamiliar, og det er naturleg at her er barnehage, kommenterer småbarnsfaren Ivar Andre Aadland.

Friluftsbarnehage

Planane til Hjørungavåg barnehagelag går ut på å etablere ein friluftsbarnehage med to avdelingar. Barnehagebygninga frå 1970 må oppgraderast, og brukast som base. Men tanken er at borna skal vere mykje ute. - Vi har eit flott uteområde, med nærleik til både strand, skog og vatn. Barnehagetilbodet i Hjørungavåg kan bli unikt, seier Ole-Markus Pilskog,