Skatteetaten innfører no skatteoppgjer og sjølvmelding på nett som standard. Vil du ha skatteoppgjeret på papir, må du seie frå innan 10. juni.

Dermed følgjer skattefuten opp regjeringsvedtaket frå tidlegare i år om at all kommunikasjon med det offentlege no i hovudregelen skal skje digitalt.

– Sjølvmeldinga gjekk i år for siste gong ut på papir til dei fleste, og når skatteoppgjeret er klart i juni, får dei fleste skattebetalarane ei tekstmelding og ein e-post om at oppgjeret er klart i Altinn, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Reservasjonsregisteret for dei som framleis vil ha skatteoppgjeret på papir, finst på den statlege vegvisaren til dei offentlege tenestene på nett, Norge.no, som har informasjon på både bokmål og engelsk. Du kan òg kontakte skatteetaten på grønt nummer 800.30.300.