Dei fire samarbeidspartia er einige om skissene til kommunereforma. Der går det fram at kommuner som vel å slå seg saman får 20 millionar kroner i i eingongsstøtte, pluss ei reformstøtte på mellom 5 og 30 millionar kroner for dei som slår seg saman frivilleg. Men berre dersom kommunen består av minst 10.000 innbyggjarar. Det melder NTB.

For dei kommunene som gjer eit vedtak om samanslåing hausten 2015, vil regjeringa sjå til at ei samanslåing kan bli vedtatt før sommaren 2016.