(NPK): I 2016 vart det produsert 363.200 tonn potet i Noreg, som var berre firedelen av nivået i 1954, viser potet- og grovfôrstatistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB). Nesten halvparten av potetane blir hausta i Hedmark, som er det klart største potetfylket føre Vestfold, Nord-Trøndelag og Oppland.

Ifølgje forbruksundersøkinga til SSB åt kvar av oss 27,4 kilo potetar og potetprodukt i 2012, som dermed var redusert til rundt ein tredel av forbruket på femtitalet. Berre dei siste femten åra har det gjennomsnittlege potetforbruket falle med 16 kilo per person.