Når Ulstein Arena etter planen opnar 2. desember er det fleire nybygg som kan studerast på nært hald. Inne i det splitter nye biblioteket som opnar saman med resten av kulturbygget, vil det nemleg verte stilt ut ein heil peparkakelandsby. I alle fall dersom initiativtakarane greier å mobilisere peparkakebakarar i heile Ulstein i den grad dei håper.

Folk Spiseri sette i gang peparkakehus-konkurransen i fjor, med ei von om at dette kunne verte ein fast årleg tradisjon. No har Ulstein Folkebibliotek tatt over stafettpinnen, men Folk er framleis med som samarbeidspartnar.

Håper på ei dobling

– Vi hadde 5–6 deltakarar i fjor og målet må vere å i alle fall doble talet på peparkakehus, seier Thor Erik Andersen ved Folk Spiseri.

I tillegg er Møre Eiendomsmegling og lokalavisa Vikebladet Vestposten med på samarbeidet.

– Vi har sendt ut invitasjonar til alle skular og barnehagar i Ulstein, samt til ein del bedrifter der vi oppmodar til å vere med. Vi håper å få til ei stor og flott landsby av peparkaker, seier Aurora Dimmen Bratli som arbeider som lærling ved kulturadministrasjonen i Ulstein kommune.

Deltakarane står heilt fritt til å bestemme kva dei vil bake og bygge.

– Innleveringsfrist er 1. desember og utstillinga opnar samstundes med Ulstein Arena den 2. desember, seier biblioteksjef Mona Iren Auganæs.

Utstillinga vil vere å sjå fram til og med 21. desember. Samstundes vil det verte utarbeidd prospekt for kvart deltakande byggverk som også vert presentert på Vikebladet Vestposten sine nettsider.

Publikumspris og proffpris

Fram til 21. desember vert det opp til folket å stemme over kva peparkakehus som er verdig til å vinne publikumsprisen. Det er også sett opp ein proffpris der ein jury beståande av representantar frå biblioteket, Folk Spiseri og lokalavisa, samt sjølvaste ordføraren vil vere med å kåre ein vinnar.

– Her vert det lagt vekt på utsjånad, materialval og kor oppfinnsam kakebakaren har vore, seier Thor Erik Andersen.

Det heile vil kulminere i ei bodrunde der det vert høve til å by på det bygget ein tykkjer best om. Inntektene frå salet vil gå til eit godt formål, kva formål er enno ikkje bestemt.

– Saman med invitasjonen ber vi om innspel på kva formål som skal få nyte godt av inntektene frå peparkakehussalet, seier Dimmen Bratli.