(NPK): Dei mest populære friluftsaktivitetane er kortare turar i nærområdet eller i skogen og på fjellet. Så mange som 84 prosent av befolkninga har vore på ein kortare spasertur i nærområdet, og 66 prosent har vore på minst 25 kortare spaserturar, viser nye tal frå Levekårsundersøkelsen 2017, som har kartlagt omfanget av friluftslivsaktivitetar i befolkninga dei siste 12 månadene.

Åtte av ti nordmenn har vore på ein kortare fottur i skogen eller på fjellet, og fem av ti har vore på ein lengre fottur. 23 prosent hadde vore på ein lengre skitur i skogen eller på fjellet dei siste 12 månadene.

Det å gå på kortare spasertur, på bær- og sopptur eller ta ein ridetur i naturomgjevnader er mest populært blant kvinner.

Menn er i litt større grad på lengre tur i skogen eller på fjellet, både med og utan ski på beina. Jakt- og fisketur og båttur er også meir populært blant menn.

Den einaste friluftslivsaktiviteten SSB har kartlagt der det ikkje er kjønnsforskjell, er å gå på skøyter (7 prosent).