I morgon, fredag, disputerer Pernille Fiskerstrand for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Fagspråk og språkfag – om møtet mellom skrivekulturane i norsk og samfunnsfag for elevar på Vg2 yrkesfag».

Fiskerstrand bur i Ulsteinvik og har vore lærar på Ulstein ungdomsskule. Medan ho arbeidd der lyste dei ut ei forskarstilling på Nynorsksenteret.

– Eg var 24 år og tenkte at ein slik sjanse kunne eg ikkje la gå frå meg, fortel Fiskerstrand.

Ho skreiv mastergrad om kor trygge nynorskelevar er ei eigen skriftnormal, eit tema ho gjerne skulle ha forska meir på.

I dialog med skulen

Fiskerstrand fortel at vinklinga på oppgåva hennar har skjedd litt i møtet med skulen ho forska på. Ho meiner at i skuleforsking kan ein ikkje vere for bastant, ein må gå inn med respekt og vere litt audmjuke når dei brukar av tida si på henne. Kva skule ho har forska på er hemmeleg, men ho kan røpe at det er ein vidaregåandeskule i det nynorske kjerneområdet.

Stortingsmelding nr. 28 seier at lærarane skal samarbeide på tvers av fag.

Fiskerstrand fortel at ho bad norsklærarane og samfunnsfaglærarane samarbeide om eit prosjekt. Elevane var Vg2-elevar, ein elektrofagklasse og ein sørvis og samferdsel-klasse.

– Lærarane har liten eller inga erfaring i slikt samarbeid. Dei har ikkje fått noko rettleiing i korleis dei skal gjere dette. Det er vanskelegare enn det ser ut for i Stortingsmeldinga. Det er to skrivekulturar som krasjar saman, noko som krev mykje av læraren, seier doktorgradsditutanten som legg til at det kan vere vanskeleg å vite kva som skal vere vurderingskriteria i det felles prosjektet.

Fiskerstrand har observert prosessen, intervjua lærarar og elevar og analysert fem elevtekstar. Gjennom studien såg ho korleis elevane vart sett i ein lojalitetskonflikt mellom dei to faga norsk og samfunnsfag, og kvaliteten på tekstane vart varierande.

– Kva synest elevane?

– Gutane på elektro var i starten negative. Dei synest det var håplaust å tenkje både språk og fag. Men undervegs gjekk det opp eit lys for dei, og det var veldig interessant å sjå. Om ein til dømes vil skrive eit lesarbrev er det viktig at folk forstår kva dei meiner.

Dei treng skriveopplæring

– Eg har eit stort engasjement for yrkesfagelevane. Dei går gjerne på yrkesfag for at dei ikkje er så flinke til å lese og skrive. Men dei skal ut i eit samfunn der dei treng både avansert lese- og skrivekompetanse.

Dei treng å kunne skrive alt frå søknader i jobben til referat for den lokale fotballklubben.

– Det høyrest kult ut å seie at yrkesfagelevane ikkje treng diktanalyse, men gjennom diktanalyse lærer ein å lese mellom linjene, seier Fiskerstrand og meiner yrkesfagelevar treng god skriveopplæring.

– Eg er der eg vil vere

Det siste året har Fiskerstrand vore tilsett på lærarutdanninga på Høgskulen i Volda. Der trivst ho også veldig godt.

– Eg fekk eit spørsmål om kva som er målet mitt. Då måtte eg tenkjer meg godt om, for eg er eigenleg der eg har lyst til å vere. Det å vere ein god skrivelærar for lærarstudentane mine er ein viktig jobb.