Ulstein kommune feira at kommunen passerte 8000 innbyggjarar ved å gjere stas på eit nyleg fødd tvillingpar.
I starten av juni passerte Ulstein kommune 8000 innbyggjarar og ordførar Jan Berset fekk med seg formannskapet i kommunen på at dette var ei hending som måtte markerast.
Fredag tok Berset og fleire representantar frå kommuneleiinga i mot familien og tvillingane Andra Ioana og Alesia Maria Bezea som vert feira som innbyggjar nummer 8000. Jentene vart fødde 4. juni.
– De får sjølv bestemme kven som er 8000 og kven som er 8001, fortel Berset til familien som mellom anna fekk ei gåve på 10.000 kroner.
Handel og verft
Ciprian Bezea kom til Noreg for fem år sidan for å arbeide ved Kleven Maritime, etter å ha arbeidd ved eit verft i heimlandet Romania. Eit år seinare gifta han seg og kona flytta også til Ulsteinvik, der ho arbeider i ferskvaredisken på Coop Mega.
– I dag har eg på med ordførarkjeda og det skjer berre ved spesielle hendingar, fortel Jan Berset.
– Vi er svært glade for å ha dykk i Ulstein. Kommunen har bruk for den kompetansen de har.
Ordføraren fortel at det var ynskjeleg å markere ein familie som flytta til Ulstein fordi utanlandske arbeidarar i større og større grad er med på å byggje samfunnet.
Utviklingsretta kommune
– De kjem til ei kommune som satsar og som ynskjer å vere utviklingsretta. Eg er veldig glad for at de vart familien med barn nummer 8000 og det er eit godt poeng i at vi kan markere tvillingar, fortel Berset som håpar folk oppfattar Ulstein som ein kommune som satsar på barn og unge.
Ciprian Bezea fortel at familien er glade for dei to jentene dei har fått og at dei er i ferd med å bygge seg hus i Ulsteinvik og har planar om å verte buande i kommunen.
Det vart også dobbel feiring for foreldra til tvillingane som hadde fire års bryllaupsdag fredag.