Dersom du ønskjer å få noko gjort, står åtte niandeklassingar ved Hareid ungdomsskule klare til å hjelpe deg kvar onsdag.

– Det kan vere alt frå å ta oppvasken, brette klede, gå på butikken, lufte husdyr eller berre vere der og slå av ein prat, forklarer dei ivrig.

Dei har naturlegvis mest lyst til å hjelpe dei som treng det litt ekstra, kanskje nokon som er ålene.

Valfaget strekker seg over ein dobbeltime kvar onsdag frå klokka 12 og utover.

– Verka spennande og kjekt

– Det verka både spennande og kjekt å kunne få hjelpe andre. Og ved å hjelpe andre så vert ein glad sjølv også, seier elevane

– Det er heilt fantastisk å sjå kor ivrige dei er etter å kunne hjelpe andre, seier læraren deira, Peter Paus.

Elevane kjem til å henge opp plakatar på daglegvareforretningar i Hareid der dei reklamerer for denne tenesta. I tillegg kan den har noko dei treng hjelp til å få gjort, ta kontakt med lærar Peter Paus på e-post: peter.paus@hareid.kommune.no.