– Eg trur ikkje det er mogleg å sjå føre seg kor stort dette kan bli. Dette kan bli enormt, men vi har framleis ein lang veg framfor oss. Innanfor andre fornybare segment, som vind og sol, har ein kome mykje lengre. Men vi håper at vår nye tilgang til sære og heilt unike bakteriar, kan setje fart på utviklinga, seier Erlend Haugsbø, som er marknads- og salsansvarleg i Hyperthermics.

Pilotanlegg og Equinor-avtale

I to år har eit pilotanlegg med løysinga utvikla av Ulstein-verksemda Hyperthermics AS, opphavleg starta opp av største eigar og seriegründer Jan Remmereit for 12 år sidan, vore kopla på eit biogassanlegg i Lindum utanfor Drammen. Der konverterer ein matavfallet i kommunen til fornybar energi i form av biogass. Gass som igjen er drivstoffet til mange av bussane i Oslo.

Som følgje av avtalen Hyperthermics nyleg fekk med Equinor, tidlegare Statoil, kan Hyperthermics-eventyret – dersom alt klaffar – nå heilt nye høgder. Kort sagt får verksemda tilgang til bakteriar med heilt unike eigenskapar frå oljebrønnane som Equinor har bora gjennom mange tiår. Dette er dei same bakteriane som var med på å skape oljen vi no hentar ut frå norsk sokkel, skapt for rundt 200 millionar år sidan.

– Dette er eit svært lite utforska felt, og vi snakkar om mikroorganismar som vi ikkje kjenner til alle eigenskapane til heilt enno. Det vi veit er at det er hypertermofile mikroorganismar, som utanom i oljebrønnane til dømes trivast i varme kjelder, geysirar og i undersjøiske vulkanar. Kvar stad har unike bakteriar. Når vi no har tilgang til desse bakteriane, blir det å sjå kva for eigenskapar dei har. Kanskje kan éin type bakteriar ete plast? På noverande stadium veit vi ikkje nok, men det er dette vi jobbar med å kartlegge no, seier Erlend Haugsbø.

Opnar heilt nye dører

Med Equinor-avtalen, og Innovasjon Norge sitt val av Hyperthermics som eitt av dei elleve mest lovande norske selskapa som fokuserer på grøn, rein energi, har heilt nye dører opna seg for selskapet som per i dag har sju tilsette. Måndag denne veka, under oljemessa ONS i Stavanger, presenterte Hyperthermics den revolusjonerande teknologien som ein del av «Next Energy by Innovation Norway».

– Vi er dei fyrste i verda som kan ta organismar frå oljebrønnar, og nytte dei til å produsere fornybar energi. Det er vi sjølvsagt veldig stolte av, seier Erlend Haugsbø.

Equinor satsar tungt på fornybar energi, og har sjølve nytta hundrevis av millionar for å forske på korleis ein kan nytte bakteriane frå nettopp oljebrønnane til å auke oljeutvinningsgraden.

– Ein kan gjere olje som er tjukk som tjære tyntflytande. Av all olje som blir vinna ut i verda i dag er det berre ein tredel vi klarer å ta opp.

– Uhorveleg sært, men spanande

Med gjennombrotet i form av Equinor-avtalen blir neste steg å skalere opp satsinga, fortel Haugsbø.

– Det er uhorveleg sært dette vi driv med, men veldig spanande. Vi rettar oss hovudsakleg inn mot eksisterande biogassanlegg i Norge og Norden kring dette, der vi set på vår løysing slik at dei kan effektivisere sin produksjon. Det største potensialet ligg derimot på nybygganlegg. Bakteriane vi nyttar opererer på ein høgare temperatur, og vi kan difor byggje eit meir effektivt anlegg, som også er mindre enn dagens. Slik blir det mindre investeringskostnadar og mindre miljøavtrykk.

Neste milepåle for Hyperthermics vil vere det fyrste større kommersielle salet – salet av eit komplett anlegg utvikla av verksemda sjølv. Ifølgje Erlend Haugsbø kan det skje allereie innanfor dette kalenderåret.

– Det er det vi håpar på. Vi sit i dag og designar nye anlegg til fleire av dei største aktørane i Norden på biogassfeltet. Målsetjinga er å signere ein kontrakt i 2018. Skjer det, vil det vere ein «game changer» for oss. Då kan det gå frå null i omsetning til eit tresifra millionbeløp på eit par-tre år, seier Haugsbø avslutningsvis.

I fine og lyse kontorlokale på Blåhuset held Hyperthermics sitt Ulstein-kontor til. Der har mellom andre desse tre kontorstad – frå venstre ser ein finansdirektør Christian Temte, seniordesigner og systemansvarleg Øyvind Kvalsund og marknads- og salsansvarleg Erlend Haugsbø. Mellom seg har dei ein plakat som illustrerer omdanninga av matavfall til biogass. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll