I dei gamle lokala til pinsekyrkja i Bjørndalsvegen i Ulsteinvik er det hektiske dagar. Frå november skal det vere bruktklebutikk her.

– No kan eg ikkje kome fort nok i gang, eg er så spenna klar at eg berre går og vibrerer, ler Linda Dalehamn.

Ho tek imot Vikebladet Vestposten nokre dagar før butikkopninga, og er saman med fleire andre frivillige i full sving med å pakke ut, sortere og henge opp klede folk har levert inn.

– Eg vert altså reint rørt når eg ser kva vi får, seier ho.

Ein gamal draum

Linda Dalehamn er ein av mange kundane kjem til å møte når dei kjem innom butikken. Ho fortel at ho i mange år har hatt ein draum om å starte ein butikk med brukte klede.

– Men eg har verken hatt ryggrad eller guts nok til å satse åleine, det har vore ein tanke som har kome og gått, seier ho.

Dalehamn er oppvaksen på Dimna og er yngst i ein søskenflokk på fire. Ho er utdanna helsesekretær og har jobba på legekontora i Myrvåg og Hareid. Ho har også vore lokalavisjournalist. Etter til saman åtte år i Sula og i Bud, flytta ho heim til Ulstein kommune sommaren 2015.

– Eg har stor tru på denne butikken. Det er nedgangstider, mange er arbeidslause, inkludert meg sjølv, og folk må lære seg økonomi på nytt. I tillegg er gjenbruk, second hand og vintage veldig i vinden no, seier ho entusiastisk.

Dalehamn understrekar at bruktklebutikken ikkje er eit soloprosjekt.

– Det er viktig å få fram at det er veldig mange som bidreg, det er heile pinskekyrkja som står bak. Mange er med på frivillig basis, og Arnt Vidar (Ulstein, forstandar) tek seg til dømes av alt papirarbeidet, fortel Dalehamn.

Butikken vil også gje verdfull arbeids- og språktrening til fleire.

Frå kyrkja til pinsekyrkja

Linda Dalehamn er ganske fersk som medlem i Pinsebevegelsen. Våren 2015 bestemte ho seg for å gå ut av statskyrkja. 8. mars det året vart ho døypt i pinsekyrkja i Bud.

– Det har litt med personlegdomen min å gjere. Eg er oppvaksen med dugnadsånda på Dimna, og eg likar å vere med og bidra. Det får eg gjere på ein heilt annan måte i pinsekyrkja enn i kyrkja, fortel ho.

43-åringen seier at det for henne er viktig at folk finn seg ein plass i eit kristent miljø. I pinsekyrkja Filadelfia er ho kyrkjevert: tek imot dei som kjem, ordnar med kyrkjekaffi, ryddar og vaskar.

– Eg er oppteken av at folk må gje av seg sjølv, vere litt meir frimodige. Så ein av dei første gongane eg var på møte i pinsekyrkja her, gjekk eg fram og hadde eit vitnesbyrd. Då fortalde eg om ei personleg oppleving. Eg har også leia eit møte, då stilte eg meg opp og song.

Mange lurer sikkert på om de skal drive med forkynning her i butikken?

– Nei, nei, det skal vi ikkje. Vi skal ikkje tvinge Jesuspreik på nokon. Men viss kunden ønskjer å snakke om tru, gjer vi sjølvsagt det, seier ho.

Sareptas krukke

Butikken har fått namnet Sarepta, og like innanfor inngangsdøra står det ei stor krukke. Inspirasjonen er sjølvsagt ei historie frå Det gamle testamentet: Det var hungersnaud og Gud bad Elias gå til ei enke i Sarepta for å få mat. Enka sa at ho berre hadde nok mjøl til eitt måltid i krukka si. Elias fekk det og etter det vart krukka aldri tom igjen.

– Slik er det med butikken også, han er på ein måte resultat av overfloda i samfunnet. Born veks ut av klede, vi damer har eige eit krympeskap, ler Dalehamn.

Ho bur no på Flø med dei to yngste gutane på femten og seksten, ein katt og ein hund. Ho er aktiv i songkoret Hemingen og er generelt glad i å ta i eit tak der det trengst.

– Eg likar å engasjere med og er fole glad i dugnader og frivillig arbeid!, seier ho.

På sikt håper Dalehamn at bruktklebutikken kan gje henne løna arbeid. I starten skal butikken vere open fire dagar i veka: onsdag, torsdag, fredag og laurdag. Ho fortel at det også skal lagast eit sosial krå, der kundane har høve til å få seg ein kopp kaffi eller te.

– Vi har fått inn veldig mykje fint. Mest dameklede, men også mykje klede til menn og born. Bygdefolket har gitt meg trua på at dette vert bra, eg er skråsikker på at dette vert ein suksess. Det er tilfeldigheitene, eller Gudfeldigheitene, som har ordna dette.

Ja, trur du Gud har hatt ein finger med i spelet her?

– Heilt klart. Dette er Guds vilje, det er eg og dei andre i pinskekyrkja heilt sikre på, seier Linda Dalehamn.

Linda har tre søner som i dag er 23, 15 og 16 år. Her med eldstesonen i 1995. Foto: Privat.
Linda elskar dugnad og frivillig arbeid. Her legg ho teppe i lokala til Filadelfia, saman med Levi Jakobs frå Liberia. Foto: Privat.
1. november opnar bruktklebutikken Sarepta i gamlelokale til pinsekyrkja i Ulsteinvik. Foto: Linda Eikrem.