Ikkje rart det var god stemning på samlinga til Ulstein Rotary måndag kveld. Viktigaste punkt på agendaen under siste treff i 2008 var naturleg nok utdelinga av den såkalla Paul Harris Fellow Recognition-prisen, som ber namnet til Rotary-grunnleggaren. Hans Otto Skeide mottar denne prisen for sitt utrøyttelege arbeid for Hødd – eit idrettslag som står 64-åringen nær. Prisvinnaren var knapt blitt 10 år gammal då fotballinteressa til faren hans, Hans Thorvald Skeide, smitta over på Hans Otto sjølv. Då han i 1966 – som 22-åring – blei vald til sekretær i Hødd sitt hovudstyre, var kursen staka ut. Dette idealistiske arbeidet gav meirsmak. Sidan den gongen har Hans Otto har vore aktiv medhjelpar i Hødd-miljøet. Ein arbeidshest og tilretteleggar som har jobba iherdig, utan tanke på godtgjering av noko slag. - Eg har kosa meg heile tida, og det er umuleg å slutte! Eg klarer ikkje å la vere å bidra, seier Skeide. Innsatsen til prisvinnaren har vore lagt ned på mange ulike felt, mellom anna i fotballgruppa, friidrettsgruppa og Høddvollhuset. Skeide har tidlegare blitt utnemnd til æresmedlem i Hødd, ikkje utan grunn. Hødd-patriot Arnfinn Ingjerd seier følgjande: - Det er nok andre som kjenner Hans Otto Skeide betre enn meg. Men han er den personen eg kjenner i idrettsnorge som eg stoler 110 prosent på. Hans Otto er alltid påliteleg og etterretteleg og følgjer alltid opp. Han er ein usedvanleg flott person å samarbeide med. - Heider og ære for innsatsen eg har lagt ned i idrettslaget, må eg dele med kona mi. Det er hennar godvilje og tolmod som har gjort det muleg for meg å bruke så mykje tid på Hødd, forklarte Skeide med eit smil. Marit Botnen, leiaren i Ulstein Rotary, uttrykte under utdelinga at ho både er stolt og glad for at organisasjonen ho leiar gir prisen til nettopp Hødd-veteran Skeide – i ein periode der ho sit med det ærefulle leiarvervet. Retningslinjer for utdeling av heidersbeviset slår fast at det skal gå til ein person som har utretta eit samfunnsnyttig arbeid. Til utmerkinga høyrer det med eit sertifikat, ein medalje, ein jakkeknapp – og innskriving i ei offisiell Rotary-bok, der også andre vinnarar er blitt oppførte. Hans Otto Skeide kjem nemleg i godt selskap. Tidlegare mottakarar av Paul Harris Fellow Recognition-prisen i Ulstein: Idar Ulstein P. F. Waage Anton Kleiven Henry Ulstein Oddny Holte
Nyhende →
Hans Otto Skeide fekk Rotary-utmerking
- Eg vart svært overraska då eg på telefon fekk vite om utmerkinga frå Ulstein Rotary for om lag tre veker sidan, men eg blei også glad, fortel Hans Otto Skeide (64). I meir enn 40 år har den beskjedne prisvinnaren gjennom ulike verv og funksjonar med glede og stå-på-humør utført ulike oppgåver for Hødd.