Klasse 9A gjekk til topps både i den lokale og den skandinaviske finalen, og begge gonger fekk dei pengestøtte frå lokalt næringsliv og Ulstein kommune. Men no står Europafinalen for tur. Sidan der også er med eit lag frå USA, har arrangørane drista seg til å kalle det for "verdsfinalen".

70 lag frå 38 land

70 lag frå 38 land blir med på konkurransen i Bodø. Berre to av laga er frå Noreg: eitt lag frå Oslo og eitt lag frå Ulsteinvik. Konkurransen går av stabelen 16. til 21. mai, og det blir lagt opp til internasjonal 17.-maifeiring i Bodø i år. Men turen kostar altså pengar. Berre 10 elevar er med på sjølve konkurransen, men klassestyrar Svein Eiksund opplyser at heile klassa skal vere med. Noko anna hadde ikkje vore rettferdig, for alle elevane har vore engasjerte i Lego League-meisterskapen. Vi treng om lag 210.000 kroner, opplyser Eiksund. Gjennom konkurransen har elevane i klasse 9A lært seg å løyse problem over eit stort spekter. For å løyse dei ulike oppgåvene må dei programmere ein robot. Under konkurransen får dei berre litt over to minutt på å løyse oppgåvene. I tillegg skal nokre av elevane presentere og forklare kva Nano-teknologi er for noko. Elevane i klassa har anonymt bestemt kven som skal gjere dei ulike oppgåvene. Aleksander Holstad, Havtor Hofset Skeide og Markus Skeide pønskar ut korleis dei ulike oppgåvene skal løysast, og så er det Kristine Blindheim si oppgåve å programmere det inn på datamaskinen. Det er ikkje så vanskeleg når vi forstår kva vi skal gjere, hevdar dei. Opgåvene går ut på programmere roboten slik at ting kan bli henta, køyrde framover, bli plukka opp eller lagde ned. Viss det ikkje går bra, misser dei poeng.

Borg og Ulstein X-Bow i lego

Dei fem har for lengst slutta å byggje med lego heime. Men no øver dei på oppgåvene 2-3 timar i veka på skule saman med resten av klassa. I tillegg øver dei heime på kveldstid for å perfeksjonere seg skikkeleg. Heime har dei blant anna bygt ei stor borg av lego, og til Europafinalen i Bodø skal dei også byggje ein Ulstein X-Bow i lego. Begge skal plasserast i eit stort telt som Ge9A skal ha med seg.

Kristin Blindheim, Aleksander Holstad, Havtor Hofset Skeide og Markus Skeide pønskar ut og programmerer inn dei ulike oppgåvene klasse 9A skal konkurrere i.