Ivrar for fleire arbeidsplassar til høgt utdanna kvinner
Hareid ligg langt nede på likestillingsbarometeret til SSB, og dette uroar ordførar Gunn Berit Gjerde. Ho vil gjerne starte eit prosjekt for å skaffe kommunen fleire attraktive arbeidsplassar for høgt utdanna kvinner.
Ordførar Gunn Berit Gjerde skulle ønskje fleire kvinner med høg utdanning ville flytte til Hareid. Men då må der vere attraktive arbeidsplassar for dei.