Både Intersport Straumane, G-Sport Hofseth i Ulsteinvik og Sportssenteret på Hareid melder om godt skisal til jul. Deretter dabba det litt av i starten av januar, før det nærast eksploderte då snøen begynte å drysse ned for vel ei veke sidan. Torsdag kom med mildvêr og regn, men til helga er det meldt kaldare ver og snø. Og ei slik vêrmelding er som musikk i øyra for sportsbutikkane. Førre laurdag var her heilt vilt, fortel Frode Hofseth ved G-Sport Hofseth i Ulsteinvik. I løpet av dei siste fjorten dagane har butikken selt nærare 200 par ski. Vi har hatt full fjøre i januar. I førre veke hadde vi 110 prosent omsetningsauke samanlikna med same veka i fjor, smiler Steffen Frøystad, dagleg leiar ved Intersport Straumane i Ulsteinvik.

Renessanse for langrennsskia

Hofseth har registrert/registret det same som Steffen Frøystad: bortoverski har fått sin renessanse. Stadig fleire kjem inn på butikken og vil ha seg langrennsski. No er det ikkje lenger berre snakk om å stå på ski. Folk vil gå på tur med ski også, slår Frøystad fast. Noko anna som har endra seg, er spurnaden etter smørefrie ski. Den har dabba kraftig av. Folk har oppdaga at smørefrie ski ikkje er vedlikehaldsfrie likevel, og vil no har ski som dei kan smørje sjølve. Vi satsar på eit smørjekurs om eit par veker, fortel Frøystad.

Lette skistøvlar

At motane endrar seg innan ski, er ikkje noko nytt. For dei aller yngste går det no mykje i rosa eller lyseblå ski, med skistøvlar i same farge. Og her er det ikkje snakk om beksaumskor. Dei nye støvlane er lett, med glidelås i fronten og utan reimar. I tillegg er dei litt høgare enn tidlegare, slik at dei gir god støtte rundt okla. Frode Hofseth opplyser at det er mange vaksne som også satsar på denne typen støvlar. I dag er folk meir villige til å betale pengar for gode støvlar enn tidlegare. Frøystad og Hofseth slår fast at sjølv om det har vore forholdsvis mildt dei siste vintrane, er det likevel mange i distriktet som går på ski. Eg har inntrykk av at halve Ulsteinvik har tilgang på ei hytte på Bjorli, og då må dei har ski, kommenterer Frøystad. Frode Hofseth og Erling Hareide ved Sportssenteret på Hareid har merka seg at snøen på ytre Søre inspirerer folk til å reise både til Stranda og Bondalen for å stå - eller gå på ski. Ein god del folk har gått i lysløypa i Bondalen på kveldstid, og har med begeistring kome tilbake og rapportert om glimrande forhold. Mange ski har i dag integrerte bindingar, noko som inneber mindre monteringsarbeid for skiseljarane. Erling Hareide har likevel vore nøydd til å jobbe overtid for å få alle skia levert til folk som ivrar etter å få på seg nye ski. Men det synest han er berre hyggjeleg. Og dei tre butikkseljarane gler seg til lysløypa på Leikongeidet blir slått på. Dei trur skisalet då vil få seg ein ytterlegare puff framover.

Solfrid Torset frå Leikong var innom sportsbutikken i håp om å få reparert trinsa på ein skistav. Den siste veka har ho gått på ski i Leikongbakkane kvar enda dag. Olav Tandberg skal til Bjorli i helga, og ventar på at dei nye telemarkskia hans skal bli ferdig monterte.