Då kjem representantar frå Kystverket Midt-Noreg, Fiskeridirektoratet, Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet for å ha møte med Ulstein kommune om utbygginga av Sjøsida. Følgjet skal vere i Ulsteinvik i fire timar. På den tida skal representantane få orientering om Ulstein kommune på kommunehuset. Det skal vere orientering av planen, den sentrale handsaminga og utveksling av synspunkt. Lokale interessentar skal få orientere i 20 minutt før synfaringa tek til. Etter planen er synfaringa kl 14.15. Det er fylket som inviterer partane inn til møtet.