Tilbodet blir presentert for Ulstein kommunestyre under sakstittelen Tidleg intervensjon ungdom. Prosjektet har òg undertittelen "Drop in". Christine Riise Øvrelid og Elin Almestad har båe vore tilsett som prosjektleiarar i halv stilling kvar. Det er no utarbeidd ein tiltaksplan for prosjektet. Målet for prosjektet er at ungdomar som droppar ut av skulen skal ta opp att skulegang, finne ein plass i arbeidslivet eller få ei avklaring for vidare tiltak. Tilbodet vil vere i vekedagane på dagtid, men base i Røde Kors-huset i Ulsteinvik. Saka blir lagt fram for Ulstein kommunestyre førstkomande torsdag. Tilrådinga frå rådmannen blir delt ut på partia sine gruppemøte.
Nyhende →
Ungdom kan "droppe inn"
Kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein planlegg eit tilbod for ungdom frå 16 til 21 år som fell ut av skulen eller som ikkje er i ein organisert aktivitet på dagtid.