Utmerkinga for denne prestasjonen vart nyleg overrekt til butikkinnehavarane Ann-Lisbeth Giske Flem og Peter Flem. Dei var på eit årleg butikksjefmøte i Oslo for alle Cubus-forretningane. Butikkeigarane frå Ulsteinvik visste at dei har ein dyktig stab. Likevel kom det som ei overrasking då dei vart viste til ein sentral plass i møtelokalet og blei oppropte for denne utmerkinga framfor dei 150 andre deltakarane. Ekteparet Flem reknar dette som ei viktig utmerking, for det handlar ikkje om kor stor butikken er, og det favoriserer heller ikkje butikkane i storbyane. Her er det teke utgangspunkt i kor mykje seljarane sel for til kvar kunde som kjøper noko. - Det fortel oss kor dyktige vi er og om kunden er tilfreds med å handle hos oss, eit mål på service, understrekar Peter Flem. - Vi kan ikkje tvinge nokon til å kjøpe noko, så når kunden kjøper mykje, er det fordi han har tillit til oss, legg han til. Kvifor akkurat Cubus i Ulsteinvik? Ekteparet Flem veit ikkje sikkert bortsett frå at dei veit dei har dyktige folk. Men dei trur òg at denne butikken over mange år har bygt opp ein tilfreds kundekrins som stolar på den servicen dei får. For nokre månader sidan flytta Cubus Ulsteinvik inn i kjøpsenter med lengre opningstider og kom på same golvet som to konkurrerande klesbutikkar. Det skjerpar konkurransen og set større press på salsjobben i kvar butikk. Utmerkinga til Cubus Ulsteinvik seier ikkje noko om korleis denne butikken klarer seg samanlikna med dei andre. - Men det seier noko om at vi har valt rett med å gå inn i eit fellesskap der vi skal vere tilgjengelege og der vi vil bli målte på kor gode vi er til å yte kundane service, fortel Ann-Lisbeth Giske Flem. - Diplomet frå Cubus er ei stadfesting frå kundane på at vi gjer rett, legg ho til.