Styreformann Ove Holstad i Holstad Marine avviser at selskapet skal avvikle torskeoppdretten. Det er snakk om ein pause, der dei mellom anna skal bruke tida til å finne ut kvifor svinnet er så stort. Holstad Marine sette i 2003 100.000 fisk i sjøen. Året etter dobla dei talet til 220.000, og såg føre seg at det skulle gje ei dobling i slakteferdig fisk. Men svinnet har vore på om lag 30 prosent. Vi kan ikkje leve med eit så stort svinn, slår Holstad fast. Han opplyser at dei har brukt 2005 og deler av 2006 til å identifisere årsaka til svinnet, og at han trur dei no har funne nøkkelen. Dei er blant anna klar over at svinnet inntreff tidleg i syklusen etter at han er sett ut i merdane. Men framleis står det ei utfordring att: å få fisken opp i fire kg før slakting. Ved basen sin på Korsneset, ytre Hareid, driv Holstad Marine med oppdrett av setjefisk. Ein yngelprodusent i Rogaland leverer yngel på 5 gr i store tankbilar, og Holstad Marine hegnar om dei til storleiken er blitt mellom 50 til 100 gram og er klar til utsetjing. Selskapet har lite svinn på setjefisken. No har dei inngått ein to års salsavtale på setjefisk, og 10-doblar kapasiteten på Holstadplattingen. Ifølgje Ove Holstad er det i dag underdekning på setjefisk. Slit også dei andre torskeoppdrettarane med stort svinn på matfisken? Dei andre får svare for seg sjølve, svarer Holstad. Atlantic Cod, som har tilhald både i Barstadvika og på Stad, har ikkje overtatt konsesjonen som Holstad Marine har utanfor Sulesund. I eit års tid framover kjem der til å vere tomt for torsk i merdane, men Holstad reknar med at selskapet om eit års tid kjem til å setje der fisk på nytt, og då med mindre svinn. For eit års tid sidan lanserte dåverande Global Liavåg og Holstad Marine at dei hadde planar om eit torskeslakteri i Liavågen, som kunne gje 20 nye arbeidsplassar og jamnare produksjon på Global-anlegget. Holstad seier at sjølv om dei no tek ein pause i matfiskproduksjonen, er ikkje slakteriplanane skrinlagde for alltid.