(arkivfoto)

Rådmannen i Ulstein vil stramme inn inneverande kommunebudsjett med 8,7 millionar og innføre ein del sparetiltak.

I samband med dette føreslo Morten Feiring (SV) på sist møte i levekårsutvalet at kommunestyre bør vurdere innføring av eigedomsskatt. Framlegget kom ut ifrå ei klar målsetjing om å oppretthalde eit forsvarleg og konkurransedyktig driftsnivå på primæroppgåvene i ei kommune i sterkt vekst.

Framlegget gjekk vidare ut på å be rådmannen til å leggje fram ei utgreiing om eigedomsskatt i samband med oppstart til hausten på budsjettarbeidet 2011.2014.

Framlegget frå Feiring fekk tre av ni røyster, og vart såleis ikkje vedteke