Beatrize Villarroel Muren er først ut i den nye spalta i papiravisa til Vikebladet Vestposten. Vi har kalla spalte "Verdshjørnet", og der vil du kunne lese intervju med innflyttarar frå ulike verdshjørne. - Korleis likar dei seg her? Kva synest dei om folket her?, og så vidare. Beatrize er 27 år gamal og ho er gift med David Muren. Dei har kjøpt sitt eige hus oppe i Varleiteråsa. Beatrize og mannen David flytte hit til Ulsteinvik i oktober i 2005. Beatrize er utdanna hjelpepleiar, og ho arbeidde som det i Chile. Seinare byrja ho å jobbe for “Ungdom i Oppdrag” i Argentina. Her møtte ho mannen i sitt liv; David Muren. Du kan lese intervjuet med Beatrize Villarroel Muren i papirutgåva av Vikebladet Vestposten tysdag 23. januar.