Cirkus Arnardo sine musikalske klovnar blir å sjå på Mjølstadneset 19. mai.

Første stopp under Sunnmørsbesøket er Stranda der sirkuset held framsyning onsdag 12. mai.

Dagen etter kjem turen til Sykkylven. 14. og 15. mai får Brattvåg og Valderøya gjesting - medan Arnardo ligg stilt i Spjelkavika med framsyningar både 16., 17. og 18. mai - før sirkuset tek ferja over til Hareid og køyrer vidare sørover for å halde framsyning på Mjølstadneset 19. mai.

Presseoppslag tyder på at Arnardo har eit svært flott show i sin 62. sesong.