Karl Johan Barstad i arrangementskomiteen seier til Vikebladet Vestposten at tilstrøyminga er langt over det dei hadde venta i såpass surt ver. Festivalen starta fredag, og også seminaret der Ole M. Ellefsen snakka om boka si "Farefull ferd" var godt besøkt. Laurdag føremiddag stod det stint med born og foreldre i sjøkanten då skuta "Anna Olava" kom seglande inn med sjølvaste kaptein Blåtann og tenarane hans. Straks etter strandhogget følgde ei stor strod i hælane på kaptein Blåtann då han sette kursen mot Blåhuset. Men flesteparten av trebåtfolket heldt seg langs kaiene. Om bord i "Dolce Vita" (Det søte liv), sat ein glad gjeng frå Ålesund. Skipper Erik Opsahl fortel at dei kom til Ulsteinvik alt torsdag kveld, etter ein forholdsvis uroleg tur over Breisundet. - Vi likar oss godt, og kjem til å bli her til søndag. Vêret er ikkje noko hindring, vi er då sunnmøringar, smiler Opshal, som har med seg to barn på festivalen. Ein av båtane som vekte då ho kom inn på hamna var Dalsfjordjekta "Torine" med mannskap frå Dalsfjord sogelag. Skuta er bygd av elevar ved Dalsfjord skule i åra 1995-1998, under kunnig rettleiing av båtbyggjar Sigurd Bjørkedal. Beate Brandal, mannskap på "Torine" fortel at dei brukte tre timar på turen frå Dravlausbygda til Ulsteinvik. - No er vi svoltne, smiler ho, og fram kjem ei stor tine med plommer, heimebaka flatbrød, saft og anna kortreist og heimelaga mat. Dei svoltne dalsfjordingane gjekk imidlertid glipp av rokonkurransen. Fem båtar stilte til start med temmeleg ulike framkomstmiddel. Men alle kom til mål, om enn ikkje samtidig. Laga: Trebåtfestivalen, Blåsarane, Sjukeheimen, Seglforeininga og Sandsøya - såg alle ut til å ha ein humoristisk snert til konkurransen. Seglforeninga gjekk friskt ut, men komne halvvegs miste dei kursen for bøya dei skulle runde, og ei stund såg det ut som om dei i staden var tenkt seg inn til Quality Ulstein Hotel. Først i mål kom laget til Trebåtfestivalen. Men rett etter innkomsten kunne festivalgeneral Tom Henrik Muggerud rope ut at laget var diska. Dei hadde juksa då dei skulle runde midtbøya. Til stor jubel vart derfor lag nummer to, "Sjukeheimen" utropte til vinnarar. Gullvald Kløvning var roaren, men fekk god hjelp frå mannskapet sitt, Marit Botnen, Anita Lillenes, Liv Janne Dalehamn og Beate Holstad, som brukte bekken frå sjukeheimen til å få fart på båten. Inne i festivalteltet er der ei utstilling med modellbåtar. Båtar som er laga av ulike personar, men også ein del som festivalen har fått lån hos verfta i regionen. Blant anna er der ein modell av bygg nummer 1 frå Hatlø Verksted og siste skipet til reiarlaget Island Offshore. Spennet er med andre ord stort. Seinare i dag (laurdag) skal publikum kåre den finaste båten. Ut på kvelden blir det dans i teltet til musikk av "Britannia". Søndag føremiddag losar "Ullaholm" båtane gjennom skjergarden i Ulsteinvik med guiding på VHF ch8.

Sjukeheims-laget vann rokonkurransen. Gullvald Kløvning styrte årane, medan Marit Botnen, Beate Holstad, Anita Lillenes og Liv Janne Dalehamn vispa med bekken.