Vikebladet Vestposten skreiv torsdag 19. januar om Levekårsutvalet i Hareid som ikkje finn pengar til å vere medlem i det interkommunale Overgrepsmottaket i Ålesund.

Men Levekår kom i eit nytt punkt nummer to med forslag om at kommuneadministrasjonen skulle prøve å finne midlar på 2013-budsjettet.

Summen det er snakk om er ein stad mellom 80.000-90.000 kroner.

Torsdag var saka oppe i Hareid formannskap, og då vart det siste punktet fjerna.

Fleirtalet i formannskapet argumenterte med at Overgrepsmottak ikkje er ei lovpålagd teneste for kommunane, og at det heller bør vere Helseforetaket som pungar ut.