Sunniva Gylver, Ten Sing Norway og Pip Wilson er mellom dei tilreisande programkreftene den første helga i februar. KFUK/M på Sunnmøre har etter kvart opparbeidt ein tradisjon med å halde slike vintertreff.

Både Ulstein og Hareid har hatt dette arrangementet fleire gonger.

I år er det Hareid sin tur igjen - etter at dei sist stod føre vintertreffet i 2007.

Motto for treffet er “Vi he trua”.

Vintertreffet er for undomar frå konfirmantalderen og oppover. Hareid Ten Sing og KFUK-KFUM deler på arrangøransvaret. Både unge, litt småunge og litt eldre tensingarar har sett seg føre å få til eit minneverdig treff med eit “fyrverkeri av gode opplevingar”, som det heiter på Hareid kyrkje si heimeside.

Programmet for treffet er så å seie i boks - med bl. andre presten Sunniva Gylver, Pip Wilson og Ten Sing Norway på gjestelista.

Presten Sunniva Gylver kjem til Vintertreffet på Hareid